Ytterlegare 413 tidsskrift er inkludert for publisering i avtalen med Elsevier

Frå 1. oktober 2019 er det mogeleg for norske forskarar å publisere ope i 413 society-tidsskrift som er utgitt av Elsevier.

Unit signerte avtale med Elsevier den 23. april 2019. Han vart betrakta som eit gjennombrot ved at han opna for publisering i 1747 av Elsevier sine tidsskrift. No er mogelegheitene for publisering ytterlegare betra, ved at titlane frå ei rekkje societies er lagt til. Det er frå 1. oktober mogeleg å publisere i 2160 titlar som er utgitt av Elsevier.

Elsevier gir i pakka Science Direct Freedom Collection (SD FC) ut ei rekkje titlar frå såkalla akademiske eller lærde foreiningar (scholarly/learned societies). Desse foreiningane eig tidsskrifta sine sjølve, og mange slike tidsskrift har sidan avtalestart vore inkludert i lesetilgang gjennom SD FC.

Unit melde inn ønsket om at det òg skal vere mogeleg for deltakarinstitusjonane å publisere i desse tidsskrifta. Elsevier har derfor kontakta dei lærde foreiningane for å be om deira tilslutnad til at norske forskarar kan publisere i tidsskrifta som ein del av avtalen (dvs. open publisering utan ekstra kostnad). Dette er altså innvilga for 413 tidsskrift, og desse titlane finn de i denne lista.

I mange såkalla "big deal"-avtalar er etablerte forlag utgivarar av society-tidsskrift. Det at forlaget ikkje eig tidsskrifta fører i mange tilfelle til at desse tidsskrifta blir haldne utanfor overgangen til open tilgang. Det er samarbeid både på nasjonalt, nordisk og internasjonalt nivå for å leggje til rettes for ein transisjon mot open tilgang for fleire avtalar.

Publisert 30. sep. 2019 13:31 - Sist endret 1. okt. 2019 09:47