University of California har oppnådd ein transformativ avtale om open tilgang med Springer Nature

Når avtalen blir signert hausten 2020, vil alle artiklar av korresponderande forfattarar frå UC bli publisert opent i ein av 2700 titlar frå Springer Nature, viss forfattaren ønsker det.

Betaling/finansiering av publiseringsavgift (APC) kombinerer betaling frå både bibliotek og forskarane sine forskingsmidlar. Viss forfattaren ikkje har forskingsmidlar tilgjengeleg, betaler biblioteket heile kostnaden. Avtalen sikrar òg vedvarande lesetilgang for UC til alle tidsskrifta til Springer Nature.

Tidsskrifta i Nature gir førebels ikkje rett til å publisere opent, men det er semje om ein pilot som sikrar noko publisering i 2021, med ein forpliktande avtale om å inkludere dei for open publisering i 2022. Dette er i samsvar med Springer Nature si forplikting til å gjere Nature-titlar Plan S-kompatible.

Dette er den største transformative OA-avtalen i Nord-Amerika til no, og den første nokon sinne i Nord-Amerika for Springer Nature.

Les saken: UC reaches groundbreaking open access deal with leading global publisher

Publisert 17. juni 2020 13:34 - Sist endret 17. juni 2020 13:37