Unit signerer nasjonal avtale med OA-forlaget Frontiers

Ny nasjonal avtale med forlaget Frontiers, som er leiande innan open publisering, gjer det enklare for norske forskarar å publisere i Frontiers sine tidsskrift. For deltakarar i avtalen er det inkludert rabatt på publiseringsavgifter (APC), sentralisert fakturering og betalingsalternativ, samt støtte til bibliotektilsette som arbeider med publiseringsavgifter.

Rammeavtalen mellom Frontiers og Unit er i tråd med målsetjinga om å gjere forsking universelt og fritt tilgjengeleg. Avtalen vil i utgangspunktet laupe i tre år frå januar 2020.

"Vi er glade for å kunngjere vår første avtale med ein rein OA-utgivar, Frontiers. Med sentralisert fakturering og standardisert arbeidsflyt vil prosessen for forfattarar som ønsker å publisere opent i Frontier sine tidsskrift bli forenkla, og det vil bidra til å auke talet på norske forskingsartiklar som er opent tilgjengeleg for alle”, seier Nina Karlstrøm, som er seksjonssjef for lisensavtalar og open tilgang i Unit.

Kamila Markram, administrerande direktør og medgründar i Frontiers, seier: "Dette er gode nyheiter for det norske forskarsamfunnet og for Europas modige visjon om open forsking. Vi begynner å sjå meir og meir engasjement for ein meir rettvis, meir transparent måte å gjere forsking fritt tilgjengeleg for samfunnet som eit heile. Noreg er her i tråd med andre konsortium, inkludert Storbritannia, Sverige og Austerrike, som alle har forplikta seg til rammeavtalar om open tilgang med Frontiers. ”

Frå januar 2020 kan 27 av institusjonane som er representerte av Unit publisere i Frontiers sine tidsskrift med open tilgang til nedsette prisar. Forskarar ved desse institusjonane vil ha tilgang til Frontiers sine Open Science-verktøy, inkludert samarbeidsrelaterte fagfellevurderingar, metrikk for artikkel- og forfattarpåverknad, og vitskaplege sosiale delingsverktøy som Loop-forskingsnettverket.

Oversyn over deltakarar i avtalen

Frontiers sin nyheitssak

Kontakt Unit Lisensavtalar og open tilgang for meir informasjon om avtalen.

Publisert 28. jan. 2020 14:30 - Sist endret 29. jan. 2020 10:05