Scandinavian Journal of Work, Environment & Health går for full open tilgang frå 2021

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) melder at The Scandinavian Journal of Work, Environment and Health (SJWEH) går for full open tilgang frå 2021.

SJWEH er eit anerkjent vitskapleg tidsskrift innan arbeidsmiljø og arbeidshelse. Det vart lansert i 1975 og blir publisert av stiftinga The Nordic Association of Occupational Safety and Health (NOROSH). I Noreg har STAMI stått bak tidsskriftet sidan det vart etablert.

"For eit lite og samansett fagfelt som arbeidsmiljø og -helse, er det særs viktig med sterke vitskaplege tidsskrift med publikasjonar av høg kvalitet. Desse blir no lettare tilgjengelege for andre forskarar og fagmiljø, ekspertar innan bedriftshelsetenesta og til sist òg norske arbeidsplassar", seier Pål Molander, som er direktør i STAMI.

Sjå STAMIs nyheitssak.

 

Publisert 2. sep. 2020 09:19 - Sist endret 2. sep. 2020 09:25