cOAlition S lanserer strategi for grøn open tilgang

Frå 2021 vil alle forskarar som mottar støtte frå Forskingsrådet vere forplikta til å behalde nødvendige rettar til artiklane sine slik at det alltid vil vere ein fri og open versjon av artikkelen tilgjengeleg. Dette skjer som ei koordinert tilnærming blant finansiørane innan cOAlition S, som vil forplikte forlaga til å godta desse vilkåra.

Illustrasjon: Shutterstock

cOAlition S kunngjer no strategien sin for såkalla grøn open tilgang, det vil seie tilgjengeleggjering av fagfellevurderte artiklar i opne arkiv. Slik tilgjengeleggjering er éin av dei tre vegane til open tilgang innanfor Plan S.
 

Les Forskingsrådet sin nyheitssak
Les heile strategien på cOAlition S sine nettsider

 

Publisert 13. aug. 2020 13:53 - Sist endret 13. aug. 2020 13:55