Clarivate har kjøpt ProQuest

Clarivate, som mellom anna leverer referansedatabasen Web of Science, annonserte 17. mai 2021 at dei har kjøpt ProQuest.

ProQuest er ein global programvare-, data- og analyseleverandør til særleg akademiske institusjonar frå heile verda.

Clarivate peiker på at oppkjøpet vil etablere dei som ein leiande leverandør av end-to-end løysingar for forskingsintelligens og utvide innhaldet og datatilbodet betydeleg, sidan tillegg av ProQuest vil komplettere Clarivate Research Intelligence Cloud.

Unit administrerer lisensavtalar for både Clarivate (der Web of Science er den største), med 56 deltakarinstitusjonar, og ProQuest-databasar, med 9 deltakarinstitusjonar.

 

Les nyheitssaka hos Clarivate

 

Publisert 18. mai 2021 12:19 - Sist endret 18. mai 2021 12:19