Avtalar om open publisering er populære

I Unit begynte forhandlingane med akademiske forlag om open publisering i 2018, og i 2019 var det slike såkalla «publiser og les»-avtalar på plass for dei fire største utgivarane: Wiley, Elsevier, Springer og Taylor & Francis. Sidan dét har det blitt forhandla fram ytterlegare seks avtalar med dei tradisjonelle forlaga.  

Dei fleste avtalane har hatt ein auke i talet på deltakarar frå 2018 (altså det siste året det berre eksisterte leseavtalar) til i dag. Det syner at desse avtalane er populære, og det kjem ei rekkje førespurnadar også frå nye institusjonar som vil delta i ein eller fleire avtalar. 

 

Slik har auken i talet på deltakarar vore for dei 10 tradisjonelle «lese»-avtalane der det er forhandla inn ein publiseringskomponent:  

I tillegg til desse tradisjonelle avtalane er Unit i dialog med fleire reine OA-forlag. Tilboda deira blir vurderte i samarbeid med Units forhandlingsråd. Til no er det inngått avtale med Frontiers og MDPI, med høvesvis 32 og 38 deltakarinstitusjonar. Så også denne avtaletypen har synt seg å vere populær.

 

Les meir om forhandlingane og OA-avtalane til Unit

Publisert 12. feb. 2021 09:10 - Sist endret 12. feb. 2021 12:59