Bruk av lisensar i open publisering

Share av Got Credit
Share av Got Credit. Tilgjengeleg under CC BY 2.0 lisens.

Bakgrunn

Ved publisering i lukka tidsskrift beheld forfattaren ideelle rettar, mellom anna til å namngis, men gir frå seg økonomiske einerettar frå opphavsretten (copyright) til forlaget. Dette er i høve til fleire standardavtalar som blir brukt i dag.

Ved open publisering brukast ein delingslisens. Delingslisensane regulerer føresetnadene for bruk, og Creative Commons-lisensane (CC-lisensane) er dei mest utbreidde delingslisensane.

 

Creative Commons

Creative Commons-lisensane vart etablerte internasjonalt i 2001 som ein standard for deling som sikrar at verk kan utgis, delast og eventuelt bli remiksa på tvers av jurisdiksjonar og landegrenser. Dei vart implementerte og omsett i Noreg i 2004 av Creative Commons Norge.

CC-lisensen har vore den føretrekte delingslisensen i open publiserings-samanheng både blant reine open tilgangs-forlag og blant dei store kommersielle forlaga som i tillegg til lukka abonnementstidsskrift òg gir ut opne tidsskrift. Vidare bruker forlaga CC-lisensar når enkeltartiklar kjøpast fri i såkalla hybride tidsskrift, altså lukka abonnementsbaserte tidsskrift der det er høve til å publisere enkeltartiklar opent. CC-lisensane er ein velprøvd modell innanfor akademisk publisering og har etablert seg som det rådande verktyet for å muliggjere deling over landegrenser som samstundes oppfyller intensjonen i charteret som ligg til grunn for open tilgang (dei såkalla Budapest, Bethesda, Berlin-deklarasjonane).

Lisensane er etablerte i ein trelagsmodell, der dei er publiserte og leselege for høvesvis juristar, vanlege brukarar og maskiner.

Ein CC-lisens varierer etter kva løyve til bruk som skal gis. Dette gjerast ved å sette på såkalla attributt.

Det er seks forskjellige CC-lisensar, frå den mest opne CC-lisensen, som tillèt kommersiell bruk og omarbeiding av verket, til den mest restriktive CC-lisensen, som ikkje tillèt nokon av delane:

I tillegg til lisensane over har Creative Commons utvikla to verkty som kan brukast for å markere at verk er i det fri, anten fordi den som har rettane til eit verk har dedikert verket til det fri, eller fordi det er falt i det fri etter utløpet av vernetida:

 

Plan S

Frå 2021 vil forskingsfinansiørane som har slutta seg til Plan S krevje at alle artiklar som er resultat av forskinga dei finansierer skal vere tilgjengeleg frå publiseringstidspunktet.

31. mai 2019 var endelege Plan S klar, etter ein internasjonal runde med over 600 innspel, og over 50 innspel i den norske runden. For norske forskarar betyr det at krava i rettleiaren gjeld frå Forskingsrådets utlysingar frå 2021.

Etter dei nye Plan S-krava vil desse typane av publisering bli akseptert som opne:

  • Opne kanalar: Forskaren publiserer i eit opent tidsskrift eller på ein open publiseringsplattform. Finansiørane i cOAlition S støttar kostnader ved slik publisering.
  • Lukka kanalar (abonnementstidsskrift) med deponering i opent vitenarkiv: Forskaren publiserer i eit lukka tidsskrift og deponerer anten den publiserte versjonen (Version of Record) eller forfattaren sitt fagfellevurderte og aksepterte manuskript (Author's Accepted Manuscript) i eit opent vitenarkiv. Føresetnaden er at versjonen blir gjort straks tilgjengeleg utan sperrefrist. cOAlition S støttar ikkje hybrid frikjøp av artiklar finansielt, men aksepterer artiklane som opne (dvs. som at dei oppfyller kravet til tilgjengelegheit).
  • Lukka kanalar (abonnementstidsskrift) som er del av transformative avtalar: Forskaren publiserer i eit lukka tidsskrift som er på veg til å bli opent. cOAlition S kan støtte slik publisering, og det er tydeleggjort at fleire typar overgangsavtalar støttast: transformative agreements (eks. publiser og les-avtalar); model agreements (for Learned Society-utgivarar og mindre forlag); transformative journals (nye modellar er kontinuerleg under utvikling).

 

Lisensen i høve til Plan S

Det er eit gjennomgåande krav frå Plan S-finansiørane at forfattaren eller forfattaren sin institusjon beheld rettane til å gjere publikasjonar opent tilgjengelege, og at publikasjonen har open lisens og bruker Creative Commons Attribution License CC-BY som standard.

Plan S godtar berre to attributt ved sida av CC0. Desse er CC-BY (Navngivelse), som krev at opphavsmannen eller -kvinna blir namngitt. I tillegg kan ein ytterlegare kvalifisere lisensen med CC-BY-SA (DelPåSammeVilkår), som krev at all vidare deling skal skje på same vilkår.

Ein kan bruke desse lisensane i tillegg til CC-BY:

  • cOAlition S vil sekundært godta bruken av CC BY-SA 4.0-lisensen, og bruk av det offentlege domenet, CC0.
  • Medlemmane i COAlition S kan godkjenne bruken av CC BY-ND-lisensen for individuelle artiklar, føresett at dette er eksplisitt spurt om og grunngitt av støttemottakaren.

Plan S-finansiørane tillèt ikkje bruk av CC-BY-NC fordi dei ønsker at innovasjonspotensialet som ligg i forskingsresultat skal kunne bli utnytta i størst mogleg grad, òg i kommersielle samanhengar. Finansiørane viser til betydinga av å kunne gjere storskala tekst- og datautvinning (text and data mining, TDM) ved hjelp av moderne teknologi, til dømes i legemiddelindustrien eller i digital humaniora.

Tredjeparts komponentar i artiklar (som bilete, grafar etc.) er ikkje omfatta av kravet om bruk av CC-lisensar, sjølv om det oppmodast til å bruke materiale som er opent for gjenbruk.

For ein meir utfyllande introduksjon til CC-lisensar, sjå Creative Commons' norske nettstad.

 

Vidare arbeid og tilpassingar til norske forhold

Kunnskapsdepartementet har bede Unit, i samarbeid med Noregs forskingsråd og Universitets- og høgskolerådet, om ei utreiing av «rettighets- og lisensspørsmål i forbindelse med åpne vitenskapelige publikasjoner og datasett i Norge, herunder spørsmål om forskningsinstitusjonenes ansvar og rettigheter som arbeidsgivere og problemstillinger knyttet til bruk av cc-lisenser.»

Innst. 306 S Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen

 

Utreiinga skal mellom anna handsame desse problemstillingane:

  • CC-lisensar vurderte opp mot norsk opphavsrett, med vekt på avklaring av spørsmål som har vore stilte i samband med at Plan S-finansiørane ikkje tillèt bruk av CC-BY-NC. Viss det er  hindringar eller barrierar mot bruk av dei forskjellige CC-lisensane i høve til vitskapleg praksis, normer eller sedvane på forskjellige fagområde skal også dette handsamast om det er sentralt for vurderingane og/eller kjem fram gjennom arbeidet.
  • Om juridiske eller sedvanemessige endringar er naudsynte for å nå målet om open tilgang, særleg når det gjeld korleis forfattar og/eller forskingsinstitusjon kan behalde rettane som er naudsynte for å arkivere og gjere tilgjengeleg eit eksemplar av eigne resultat og bruke materialet i undervising
  • Fordelar og ulemper ved bruk av dei forskjellige CC-lisensane vurdert ut frå dei forskingspolitiske måla om at forskingsinvesteringane skal gi styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne (inkludert målet om at forskingsartiklar skal kunne lesast og analyserast av datamaskiner med siktemål om å generere ny kunnskap med kommersielt potensiale), setje oss i stand til å møte store samfunnsordningar og utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet, jf.  Meld. St. 4 (2018-2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning

Generelle tilhøve knytt til kommersialisering av forsking skal handsamast viss det er relevant for hovudspørsmåla.

Kunnskapsdepartementet ventar denne rapporten 15. oktober 2019. Han vil bli publisert på desse sidene.

 

Utvalte ressursar:

 

 

Publisert 18. juli 2019 13:02 - Sist endret 23. juli 2019 14:58