Kor mykje av norsk publisering oppfyller krava i Plan S?

Norsk forsking er på god veg mot full open tilgang. Det nasjonale målet om at alle vitskapelege artiklar finansiert av offentlege midlar skal vere opent tilgjengelege innan 2024, er dermed innan rekkevidde.

I ein kronikk i Khrono viser Lars Wenaas frå Unit og Dag W. Aksnes frå NIFU at ein relativt stor del av den norske publiseringa allereie oppfyller krava i Plan S. Planen kan derfor ha mindre dramatiske konsekvensar for norsk forsking enn det kritikarane frykter. Utviklinga gir grunnlag for optimisme, òg på vegner av Plan S.

Les kronikken i Khrono.

 

Publisert 26. okt. 2020 10:30 - Sist endret 26. okt. 2020 10:30