Kva er hovudtrekka i Wiley-avtalen?

Avtalen mellom Unit og Wiley gjer artiklar frå norske forskarar opent tilgjengelege. Avtalen er i tråd med regjeringa sine Nasjonale mål og retningsliner for open tilgang til vitskaplege artiklar og bidrar til modernisering og omstilling av forsking.

Kostnadane til open publisering er dekka innanfor avtalen, samstundes som lesetilgangen fortset. Løysinga er forhandla fram i samarbeid mellom Unit, NTNU og SINTEF på vegner av dei deltakande norske forskingsinstitusjonane. I totalkostnader er Wiley den nest største avtalen Unit forhandlar på vegner av norske forskingsinstitusjonar. 35 norske institusjonar deltar i denne avtalen.  

FORKLARING AV AVTALEN

Lisens

Lisensavtale 2019-2021 mellom Unit og Wiley

 

Kven er omfatta av avtalen?

Liste over deltakarinstitusjonar

Lese artiklar

Deltakarane i avtalen, 34 norske institusjonar, har lesetilgang til same tidsskriftpakke som tidlegare, Wiley 2013 collection, som omfattar 1 235 tidsskrift.

Publisere artiklar

Deltakarinstitusjonane har høve til å publisere så mykje som 500 artiklar i 2019, og dette talet aukar til nærare 700 artiklar i 2020 og cirka 850 artiklar i 2021. 

Det er 113 tidsskrift som ikkje er omfatta av avtalen. Det inneber at norske forskarar som publiserer i desse tidsskrifta framleis må betale publiseringsavgift (APC) som før. Det er òg somme tidsskrift som ikkje har open publisering.

 

Kva med norske forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon?

Generelt er det inga endring for forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon:

Forskarar utanfor avtalen har ikkje lesetilgang til tidsskriftpakken frå Wiley, men biblioteket kan abonnere på enkelttitlar hos forlaget. I mange høve må forskaren kjøpe enkeltartiklar eller få tilgang til artiklar via eit større bibliotek som er knytt til avtalen.

Alle norske forskarar har no som før høve til å publisere i alle Wiley sine tidsskrift. Er forskaren ikkje knytt til ein deltakarinstitusjon (eller tidsskriftet ikkje er blant dei som er omfatta av avtalen) vil det krevjast publiseringsavgift.

 

Korleis kan ein melde seg inn i avtalen?

Unit er i dialog med Wiley om korleis ein inkluderer nye medlemsinstitusjonar i avtalen. 

 

Kva for titlar er omfatta av avtalen, og kva for titlar er det ikkje?

Tittellistene i lenkjene under gjeld tilgangar og rettar deltakarinstitusjonane har:

 

Tidsskrift frå akademiske foreiningar

Wiley administrerer ein del titlar frå akademiske/lærde foreiningar (learned societies). Desse foreiningane eig tidsskrifta sine sjølve, og 113 slike tidsskrift er inkludert i (blir tilbydd med) lesetilgang gjennom Wiley-pakka. Dei kan altså lesast av alle deltakarinstitusjonar. Dei lærde foreiningane har ikkje slutta seg til at norske forskarar kan publisere i desse tidsskrifta som ein del av avtalen (dvs. open publisering utan ekstra kostnad).

 

Kor mange artiklar kan den einskilde institusjon publisere?

Avtalen byggjer på ein modell som inneber at ein prosentdel av totalkostnaden blir avsett  til eit såkalla «OA-fond» (open access fond), og verdien av dette kvart år kan brukast til open publisering. 

Publikasjonsavgifta (APC) varierer for dei ulike tidsskrifta hos Wiley, og det er derfor vanskeleg å gi eit eksakt tal på artiklar som er inkludert i avtalen.

Basert på dei tidsskrifta norske forskarar har publisert i tidlegare år kan vi estimere tal på artiklar som er inkludert til 490 i 2019, 680 i 2021 og 860 i 2021.  Dette inneber at cirka 100 % av artiklane kan utgis ope under denne avtalen i 2021, aukande frå 65 % i 2019.

Avtalen har ikkje tilbakeverkande kraft i 2019, men vil gjelde publiseringar frå avtalestart 1. mai for publisering i hybridtidsskrift og publisering frå 1. april i reine OA (gull) tidsskrift.

 

Korresponderande forfattarar

«Norsk korresponderande forfattar» betyr at vedkomande er tilsett ved ein av deltakarinstitusjonane i avtalen.

Korresponderande forfattar (corresponding author) er vanlegvis forfattaren som bidrar med hovudtyngda av den intellektuelle innsatsen og som har ansvar for å følgje artikkelen fram til ferdig produkt. Vedkomande er ansvarleg for manuskriptkorreksjon, korrekturlesing, korrespondanse med forlag, handsaming av revisjonane og innlevering av reviderte manuskript fram til godkjenning.

Korresponderande forfattar melder inn denne rolla når han/ho registrerer artikkelen hos Wiley. Vedkomande vil bli godkjend når han/ho oppgjer ein av deltakarinstitusjonane som arbeidsstad.

 

CC-lisensar

Avtalen tillèt publisering med to forskjellige typar delingslisensar frå Creative Commons (CC): CC-BY og CC-BY-NC-ND. Plan S set krav om bruk av lisens både ved publisering i tilgangsopne tidsskrift og ved deponering i eit vitenarkiv. Her godtar Plan S berre ein CC-lisens. Meir forklaring finn du på denne nettsida, under avsnittet «Bruk av lisenser».

 

Eigenarkivering

Artiklar som er publisert ope via avtalen med ein CC-lisens kan delast fritt. Forlaget sin PDF kan lastast opp i Cristin og i institusjonelle arkiv.
 

Arbeidsflyt for forskaren

Videoen under viser arbeidsflyten for ein forskar som vil publisere ope i eit Wiley-tidsskrift.

 

 

Plan S-kompatibilitet

Dagens avtale er ikkje kompatibel med Plan S ved at Wiley med avtalen har konvertert tidsskrifta sine til full open tilgang for alle. Wiley har likevel sagt at dei meiner å oppfylle intensjonane i Plan S, og Unit ser på avtalen som ein overgangsavtale mot dette målet. Avtalen vil gi gode datagrunnlag til å evaluere og planleggje framtidige ordningar av denne typen.

 

Kva skjer om ein går over kostnadsrammene i avtalen?

Viss talet på publiseringar går ut over «kvota» ein er tildelt innanfor avtalen, vil ein betale ei rabattert publiseringsavgift (APC) som inneber ein rabatt på 20 % på den APC som gjeld for det einskilde tidsskrift.

Det vil vere ein rutine som varslar om at ein nærmar seg kvoten, og institusjonen kan eventuelt sperre for vidare publisering av opne artiklar for å minske kostnaden.

 

Kven gjer kva?

Unit administrerer avtalen for Wiley med deltakarinstitusjonane som eit konsortium. Denne administrasjonen blir gjort på overordna nivå, altså det som gjeld medlemskap i konsortiet, fakturering og fordeling av kvoter.

Det einskilde bibliotek administrerer teknisk tilgang til titlane og rettleier forskarane ved sin institusjon.

Unit og biblioteka ved UiB, UiO, NTNU og UiT (UB-BOTT) har samarbeidd om arbeidsflyten i avtalen. Wiley har utvikla eit tilpassa instrumentbord (dashboard) med tilpassingar for bibliotek og forskarar der biblioteket kan godkjenne artiklar for open publisering og ha oversikt over institusjonen si kvote, mellom anna.

Wiley har halde webinar for alle deltakarane i avtalen kor dei har gått gjennom korleis ein bruker dashboardet, og korleis dette ser ut for forfattarane. Unit administrerer kontakten med Wiley og har ansvar for informasjon til konsortiet.

Det einskilde bibliotek administrerer andre abonnement biblioteket måtte ha med Wiley og publisering i dei av forlaget sine tidsskrift som ikkje er omfatta av avtalen.

 

 

 

Publisert 20. mai 2019 10:59 - Sist endret 5. sep. 2019 10:30