Hovudtrekka i CUP-avtalen
Cambridge University Press (CUP) er forhandla fram som ein treårig avtale frå 2020.
Kven er omfatta av avtalen?
Avtalen omfattar artiklar med korresponderande forfattar som har tilknyting til ein av institusjonane som er med på Unit sin konsortieavtale (sjå oversyn under).
Institusjonar som deltar i avtalen 2021
Publisering gjennom CUP-avtalen
Tittelliste for lesing og publisering 2021
Avtalen inkluderer uavgrensa publisering i forlaget sine hybrid- og gulltidsskrift, med nokre society-tidsskrift som unntak. Desse er merka i kolonne F i tittellista med "No OA".
Oppgradering
Avtalen inneber at alle deltakarar må oppgradere til 2021-pakka. Deretter vil det være ein årleg prisauke på 5,0 %, som òg inkluderer årleg oppgradering til siste pakke.