Forhandlingar om open tilgang

I 2018 forhandlar Unit med dei største internasjonale forlaga innan akademisk publisering; Elsevier, Wiley, Taylor & Francis og SpringerNature, i tillegg til fleire mindre akademiske utgivararar. Den overordna målsettinga for forhandlingane er at dei skal føre til ein bevegelse mot open tilgang.

Universitets- og høgskolerådet har kome med ei støtteerklæring der dei uttrykker tilslutnad og forventning til at Units forhandlingar med akademiske utgivarar blir gjennomført frå eit sett felles prinsipp.

I forhandlingane med dei akademiske utgivarane blir det mellom anna lagt vekt på:

  • Artiklar med korresponderande forfattarar frå Noreg skal vere ope tilgjengelege ved publiseringstidspunktet
  • Open publisering skal ikkje auke totalkostnadane i avtalane
  • Full openheit i lisensvilkår, kostnadar og forretningsmodellar
  • Permanent tilgang til innhald publisert i abonnementstidsskrift
  • Det skal visast rørsle mot avtalar der kostnadar er knytt til volum på norske institusjonars publisering.

Les støtteerklæringa frå UHR.

 

Bakgrunn

I dagens abonnementssystem er vitskaplege artiklar låste inn bak betalingsmurar, og dei store internasjonale utgivarane tar stadig høgare pris for abonnementa sine.

Norske institusjonar betaler per i dag meir enn 330 millionar kroner årleg til utgivarane for lesetilgang til vitskaplege artiklar, òg dei som er publisert av forskarar ved norske institusjonar. Det har derfor vakse fram eit krav om at offentleg finansiert forsking bør vere fritt tilgjengeleg for alle.

 

Units arbeid

Ansvaret for forhandlingar med forlag og administrasjon av bibliotekkonsortium ligg hos eininga Unit Lisensavtaler og åpen tilgang (LÅT).

Regjeringa fastsette i august 2017 Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler, der målet er at alle norske vitskaplege artiklar finansiert av offentlige midlar skal være opent tilgjengelege innan 2024. Unit har i sine prinsipp for forhandlingar med internasjonale utgivarar lagt stor vekt på regjeringa sine mål og retningsliner.

Erklæringa Plan S frå dei europeiske forskingsråda, av dei Noregs forskingsråd, gjer at prosessen med publisering i opne tidsskrift eller på opne plattformer blir framskunda. Det er likevel viktig å merke seg at i ein overgangsperiode kan individuelle finansiørar akseptere opne publikasjonar i abonnementsbaserte tidsskrift, såkalla hybrid publisering. Det betyr at Unit arbeider med å forhandle fram overgangsavtalar, som vil gjere slik publisering mogleg i ein kort periode.

Unit er i dialog med fleire reine open access-forlag. Desse forlaga vil gjere det enklare å publisere opent.

 

Internasjonalt samarbeid

Unit har breitt internasjonalt samarbeid om open tilgang i avtalar. Viss forlaga ikkje møter kravet om open tilgang i tilstrekkeleg grad, kan konsekvensen vere at avtalen blir sagt opp. Det tyske konsortiet Project Deal har sagt opp avtalen med Elsevier, og følger situasjonen i fleire land ved å vise til presseomtalar om forhandlingar. I mai 2018 sa dei svenske forskingsbiblioteka opp avtalen med Elsevier.

 

Kva skal ein gjere viss det ikkje blir semje med forlaga?

I Noreg har ikkje forhandlingane kome til eit punkt der brot er alternativet enno. Etter brotet med Elsevier har Sverige og Tyskland delt røynslene sine, med vekt på korleis forskaren kan klare seg utan ein eller fleire av dei store tidsskriftdatabasane. Stockholms universitet meiner pr. august 2018 at det har gått bra etter brotet med Elsevier, og deler erfaringane i ein artikkel i Forskarforum. Svenske OpenAccess.se har laga ein nyttig oversikt over ressursar som gjer det enklare å søke etter artiklar med open tilgang.

 

Publisert 25. sep. 2018 13:56 - Sist endret 27. sep. 2018 12:24