Finn opent tilgjengeleg forsking
Kva finst av tenester som gjer det lettare å finne fram til forskingsresultat som er opne for lesing?

NORA
Den norske aggregatoren NORA gir norske vitenarkiv i éi teneste. NORA er igjen del av det større OpenAIRE-nettverket av vitenarkiv og aggreatorar.
DOAJ
Ei viktig søketeneste for OA-tidsskrift er DOAJ, Directory of Open Access Journals. Her kan det søkast i fleire tusen tidsskrift innan dei aller fleste fagområde.
CORE
Aggregatoren CORE hevdar å ha verdas største samling av vitskapelege artiklar.
Spesialiserte søketenester, som t.d. Google Scholar
Resultata frå søk frå til dømes Google Scholar vil gjerne inkludere ulike typar «grønt» OA-materiale (preprint, postprint og publiserte versjonar) og «grå litteratur», altså forskingslitteratur som ikkje blir fagfellevurdert, som konferansebidrag eller forskingsrapportar.
Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap
Frå 2017 er eit utval sentrale norske tidsskrift innan humanoira og samfunnsvitskap opent tilgjengelege gjennom ordninga Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga blir vidareført med 28 opne tidsskrift frå 2021. Kva for tidsskrift det gjeld finn du i denne lista.
Opne fagspesifikke arkiv – til dømes:
ArXiv (fysikk, matematikk, informatikk og andre realfag)
EuropePMC (livsvitskap)
PubMed Central (medisin og database for vitskapelege publikasjonar innan biomedisin og biologi)
RePec (økonomi)
Preprint-sørvarar
Preprint-sørvarar er online arkiv som inneheld tekst eller data for vitskapelege artiklar som enno ikkje er fagfellevurderte eller aksepterte av tradisjonelle akademiske tidsskrift.
Liste over fagspesifikke preprint-sørvarar hos Foster Open Science
Referansedatabasar
Forskarar som er knytt til ein norsk forskingsinstitusjon har ofte tilgang til såkalla referansedatabasar, der ein kan gjere avanserte søk etter relevant forskingslitteratur. Web of Science frå Clarivate Analytics og Scopus frå Elsevier er dei mest brukte. Desse databasane gir høve til å filtrere på open access, slik at det da skal vere mogleg å få oversyn over relevant open litteratur. Kontakt biblioteket ved institusjonen din viss du er usikker på om du har tilgang eller viss du treng rettleiing i bruk av verktøya.
Andre tips til korleis du kan få tilgang til artiklar utanom abonnementsavtalar
NTNU: Hvordan finne (åpent) tilgjengelige artikler
Kungliga biblioteket, Sverige (in English): Alternative routes to open access articles
Fjernlån: Det er omfattande fjernlånssamarbeid mellom biblioteka i Noreg. Kontakt biblioteket ditt, eller eit større UH-bibliotek, for informasjon om moglegheitene for fjernlån.