Støtte til norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap

Publiseringskomiteén for hum-sam-tidsskrift har tatt ei avgjerd på kva for tidsskrift som skal få støtte for perioden 2018-2020.

Dei innmeldte tidsskrifta skulle oppfylle vilkåra som er beskrivne i Retningslinjer for nasjonalt tidsskriftskonsortium for humaniora og samfunnsvitenskap (sjå høgre kolonne).

Publiseringskomiteén for hum-sam-tidsskrift gjorde ei vurdering av dei 41 tidsskrifta som hadde meldt seg til ordninga innan fristen. Komitéen arbeidde ut frå Mandat for publiseringskomiteen (sjå høgre kolonne) og innmeldingane vart vurderte ut frå desse kriteria:

• tidsskriftet sin vitskaplege kvalitet
• tidsskriftet sin viktigskap innan fagfeltet
• tidsskriftets sin del artiklar på norsk
• tidsskriftet si rolle som fagleg offentlegheitsarena
• tidsskriftet sin strategiske viktigskap innan hum-sam-feltet

 

For perioden 2018-2020 vart 25 av 41 innmeldte tidsskrift gitt støtte. Desse tidsskrifta er, i alfabetisk rekkefølgje:

  • Acta Didactica Norge
  • Collegium Medievale
  • Din - Tidsskrift for religion og kultur
  • Edda
  • Heimen
  • Historisk tidsskrift
  • Internasjonal Politikk - Skandinavisk tidsskrift for internasjonale studier
  • Kunst og Kultur
  • Maal og minne
  • NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift
  • NOA - Norsk som andrespråk
  • Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk
  • Norsk antropologisk tidsskrift
  • Norsk filosofisk tidsskrift
  • Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift
  • Norsk medietidsskrift
  • Norsk museumstidsskrift
  • Norsk sosiologisk tidsskrift
  • Norsk statsvitenskapelig tidsskrift
  • Studia Musicologica Norvegica
  • Teologisk tidsskrift
  • Tidsskrift for kjønnsforskning
  • Tidsskrift for kulturforskning
  • Tidsskrift for samfunnsforskning
  • Tidsskrift for velferdsforskning

Unit (tidl. Ceres) kjøper inn tidsskrifta og administrerer ordninga. Finansiering av tidsskrifta vil (avhengig av løyve gjennom statsbudsjettet) vere gjennom Forskingsrådet, Kunnskapsdepartementet og somme forskingsinstitusjonar.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til humsam-tidsskrift@ceres.no

Publisert 15. aug. 2019 13:40 - Sist endret 9. jan. 2020 15:23