Informasjon om innmelding til vurdering av tidsskrift: Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap

Denne nettsida beskriv prosessen i 2017 for å få eit tidsskrift vurdert for perioden 2018—20. Tidsskrifta for perioden er valt ut, og det er såleis ikkje lenger mogleg å søke støtte.

Ordninga med innmelding av vurdering av tidsskrift er forhandla og administrert av Unit lisensavtalar og open tilgang (i 2017 var namnet på eininga Ceres) i samarbeid med Forskningsrådet og Universitets- og høgskolerådet.


Ceres heldt eit informasjons- og dialogmøte 14. juni 2017, og innspel frå møtet vart tatt omsyn til i vidare informasjon og arbeid med innmeldingsskjema. Dette første informasjonsmøtet var primært for dei som mottok støtte i 2017, men alle norske nivåindekserte tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap kunne meldast inn til vurdering.


Støtta frå 2018 og ein treårsperiode var open for alle som fylte kriteria som er beskrivne i Retningslinjer for nasjonalt tidsskriftskonsortium for humaniora og samfunnsvitenskap. Her finst òg informasjon om korleis ordninga vil bli praktisert.


Det vart utarbeidd eit nettskjema "Skjema for innmelding av vurdering av tidsskrift". Eit
"Skjema for kostnadsspesifikasjon" skulle leggjast ved innmeldingsskjemaet.

Søknadsprosessen som starta med frist 1. september 2017 gjaldt tildeling for treårsperioden 2018-2020. Det er ikkje ordinær utlysingsprosess i 2018 eller 2019.

 

Sentrale retningsliner

Ordninga er forankra i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, som m.a. skriv dette:


«Åpen tilgang til nasjonale tidsskrifter av høy kvalitet vil bidra til at en betydelig del av norskspråklig forskning blir umiddelbart tilgjengelig for relevante brukergrupper både innenfor og utenfor akademia, for eksempel i skoleverket, arkiver, biblioteker, museer, i helsevesenet, i kommunal og statlig forvalting og i næringslivet».
[...]
«Publisering på norsk i humanistiske og samfunnsvitenskapelige tidsskrifter er […] viktig bl.a. for kompetanseheving, livslang læring, opplyst offentlig samtale og av språkpolitiske grunner.»


Det er derfor viktig å få kartlagt delen vitskaplege artiklar på norsk i det enkelte tidsskriftet. Sjå elles korleis retningslinene for tidsskriftkonsortiet definerer «norsk forfatterkrets» og «norsk fagoffentlighet».


Med «vitskapleg artikkel» er det her meint vitskapleg, fagfellevurdert arbeid som oppfyller krava til utteljing i form av publiseringspoeng i Norsk publiseringsindikator (NPI).


Det er eit krav at tidsskriftet skal publisere med open tilgang og vere indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). Tidsskrift som ikkje er indeksert her kunne òg bli vurdert om det låg føre ein søknad om å bli indeksert, eller plan om å sende inn søknad. Det ein skulle søke om, var indeksering i DOAJ, ikkje medlemskap i DOAJ. Tidsskriftet har ansvar for at innhaldet i publikasjonen fritt kan lesast, søkast i og distribuerast til ikkje-kommersiell bruk, i samsvar med retningslinene for tidsskriftkonsortiet.

 

Publiseringskomitéen


Ein fagleg publiseringskomité  var sentral i arbeidet med å velje ut tidsskrifta som skulle inngå i ordninga frå 2018. Utveljinga vart tatt på grunnlag av innsende søknadar frå utgivarar/tidsskrifteigarar. Publiseringskomiteen tok avgjerder på fagleg grunnlag, retningslinene for tidsskriftkonsortiet, samt eit eige mandat for publiseringskomiteen.

Arbeidet med å vurdere tidsskrifta som skal prioriterast for innkjøp gjennom konsortiet starta etter fristen for innmelding av tidsskrift hadde gått ut, 1. september. Talet på tidsskrift som vil kunne inngå i ordninga var avhengig av bevillingane til konsortiet og korleis tidsskrifta vart prisa. Når publiseringskomiteen si prioriteringsliste var ferdig, vart tidsskrifteigarane og utgivarane kontakta.

 

Tidsplan

1. juli 2017: Ceres har ferdigstilt skjema for innmelding og skjema for kostnadsspesifikasjonar

1. september 2017: Frist for tidsskrifteigarar og utgivarar til å melde inn vurdering av tidsskrift via nettskjema. Fristen er 1. september t.o.m. kl. 2359 og er absolutt.

Primo oktober 2017: Møte i publiseringskomiteen

Primo november 2017: Tilbakemelding til tidsskrifteigarar og utgivarar

 

For meir informasjon, kontakt humsam-tidsskrift@ceres.no 

Publisert 15. aug. 2019 13:19 - Sist endret 15. aug. 2019 13:54